Gaular var tidlegare ein sjølvstendig kommune, men er no del av Sunnfjord kommune (i Vestland, tidlegare Sogn og Fjordane). I Sunnfjord kommune er kommunesenteret Førde. Førde ligg nord for Gaular, cirka 20 minutt frå det tidlegare kommunesenter Sande i Gaular, med bil (3 timar frå Bergen). Gaular har ein relativt kompakt geografi. Frå det tidlegare kommunesenteret er avstandane til dei ytste gardane/bygdene som følgjer: 

  • Laukeland ca. 25 km
  • Bjørvikstranda ca. 18 km
  • Dregebø ca. 12 km
  • Mjell ca. 34 km
  • Vikum ca. 35 km
  • Langeland cirka 11 km

Det er tre andre veterinærar tilsett i Sunnfjord kommune (Naustdal, Førde og Jølster). I tillegg er det 4 veterinærar ved EMPET sin smådyrklinikk i Førde og ein sjølvstendig veterinær som deltek i dagpraksisar og vakt.

 Omtale av stillinga: 

  • 20 % stilling i Sunnfjord kommune
  • Deltaking i vaktordning for vaktdistriktet Førde-Gaular-Jølster. Forplikta til 3-delt vakt, saman med 6 andre veterinærar.
  • Sjølvstendig dagpraksis som veterinær og semin-ansvarleg for Gaular
  • Høve til avlasting i dagpraksis (via veterinær Irene Nergård)

I dagpraksis vil du ha ansvar for veterinær- og semintenester til 113 bønder i Gaular. Av desse er 36 mjølkeprodusentar. I tillegg nokre hesteeigarar. Per i dag er husdyrtala i Gaular som følgjer: 855 mjølkekyr, 2072 Andre storfe/ammekyr, 141 Geiter, 3370 Sauer og 45 Hestar.

Personlige egenskaper

Gode evner til samarbeid, mellom anna om vaktordning med dei andre veterinærane i Sunnfjord.

Kvalifikasjoner

Må krav til søkjar:

 Utdanna veterinær. 

Må ha kompetanse på stordyr. 

Må ha førarkort for bil (klasse B). Eigen bil er også ein føresetnad. 

Bør krav til søkjar: 

  • Bør ha semin-utdanning. Dersom ein ikkje har det vil det vere krav om å gjennomfør semin-kurs ved fyrste høve.
  • Bør ha eige veterinærutstyr, men i ein oppstartsperiode kan vi eventuelt ordne med lån av utstyr.
  • Ønskeleg med smådyrkompetanse (i samband med deltaking i vaktordning).
  • Norsk munnleg og skriftleg (helst nynorsk)
  • Kunnskap om vaktområde Førde, Gaular, Jølster vil vere ei føremon

Hva vi tilbyr

20 % stilling som veterinær, med løn i samsvar med tariff. Dagpraksis i eit husdyrtett område med gode fagmiljø Viss ønskeleg: Mentorordning/rettleiing via dagens veterinærar i vaktdistriktet Førde-Gaular-Jølster.

Kontaktpersoner:

Joar Helgheim, e-post: joar.helgheim@sunnfjord.kommune.no, tlf. 99 20 26 64

Arnstein Fluge, dagens veterinær i Gaular, e-post: arnstein.fluge@enivest.net, tlf. 99 44 30 44